post

Bestill ID-/sjåførkort i Taxibiz

I Taxibiz kan du no enkelt bestille nytt ID-/sjåførkort eller eigarkort. Logg deg inn på TaxiBiz løyvehavar og gå inn på «Kort».

  • velg korttype sjåførkort/eigarkort
  • fins kortet frå før ja/nei
    • Dersom ja, finn sjåførnr.
    • Dersom nei, skriv inn namn på ny sjåfør og last opp bilde. I forhandsvisinga til høgre kan du sjå korleis kortet vil sjå ut.
  • trykk bestill, og bestillinga går til TTS når du er fornøgd. Kortet vert sendt til løyvehavar som har bestilt kortet så lenge vi ikkje har fått beskjed om noko anna.

Dersom du ynskjer endringar oppsett eller logo som vi har lagt inn på din sentral kan du kontakte TTS.

post

Taxifix i Sogn og Fjordane

Taxibestillingsappen Taxifix er no i bruk i Sogn og Fjordane. Alle løyvehavarar knytt opp til TTS kan no ta imot bestilling frå appen.

I Sogn og Fjordane er vi ikkje kopla mot full OTT, så løysinga hjå oss vil i første omgang skje ved telefonisk kontakt og ikkje ved at tur kjem direkte i taksameter.

Vi har hatt informasjonsmøter med alle dei største sentralane i fylket, og jobbar no saman med CenCom med å få nytte bestillingsappen fullt ut i vårt fylke.

For å laste ned app og registrere deg kan du gå inn på nettsida www.taxifix.no.

 

post

TaxiTablet

73 nye TaxiTablet er montert i Sogn og Fjordane til no, og fleire ligg til bestilling. Tilbakemeldingane frå dei som har begynt å bruke desse er positive.

Vi har no tilgjengeleg TaxiTablet demotaksameter.  Demokofferten vert ikkje sendt til utlån, men dersom nokon ynskjer å teste den ut er de velkomne til våre kontorlokale på Leikanger.

Dersom nokon skal skifte bil i næraste framtid, eller ynskjer å bestille TaxiTablet, ber vi dykk kontakte TTS.

Fordeling av nye Taxitablet pr. 14.03.19

Askvoll 2
Aurland 5
Balestrand 3
Bremanger 4
Eid 7
Fjaler 1
Flora 6
Førde 4
Gaular 3
Gloppen 4
Hornindal 0
Hyllestad 1
Jølster 4
Leikanger 2
Luster 3
Lærdal 2
Naustdal 0
Selje 1
Sogndal 5
Solund 1
Stryn 3
Vik 3
Vågsøy 4
Årdal 3
Demotaksameter TTS 2
Totalt 73

 

Her finn de brukarveiledning

 

post

Pasienttransport – frikortkode 12

Når det vert køyrt Pasienttransport med barn skal det manuelt leggast inn frikortkode 12 i feltet for frikort.

Vi har fått tilbakemelding frå Pasientreiser om at mange ikkje legg inn frikortkode 12 når dei køyrer barn under 16 år.  Etter at vi innførte at sjåfør skulle sleppe å legge inn frikortnummer (123456), har bruken av frikort 12 også blitt mangelfull.

Vi minner om at frikort 12 leggast inn i frikortfeltet dersom barn blir køyrt for at rapportane som Pasientreiser sender til Helfo skal bli korrekte. Vi ber difor om at alle løyvehavarar formidlar dette til alle sine sjåførar slik at det vert rett frå og med august.

(Dei som enno ikkje har sendt inn oppgjer for juli må gjere retting på kvittering med evt. feil før de sender inn oppgjeret)

post

Postkasse også i Sogndal

I tillegg til ei postkasse på sentralsjukehuset i Førde, har vi no plassert ei postkasse hjå Sogndal Taxi. Alle som ynskjer kan levere oppgjera sine der.

Hugs å varsle TTS når du legg noko i postkassa slik at vi får registrert det, og planlagt tømming.

Ved Sogndal Taxi står det også øskjer med taksameterpapir dersom nokon har behov for det.

post

Vedlikehold TPpay

TTS tilbyr no rensekort til vedlikehald av TPpay og Au2Pc.

Vi vil spesielt gjere dykk merksame på det som står om vedlikehald av TPpay-en på s. 5 i brukarmanualen.

I samband med vedlikehald av terminalen har CenCom også skrive at:

«Jevnlig vedlikehold av utstyret er viktig for at både sjåfør og kunder skal få en god opplevelse. TPpay terminaler som har problemer med å lese kort, trenger ofte bare en rens.»

TTS AS kan no tilby rensekort til TPpay for kr. 25 pr. stk.

Vi har fått spørsmål om kor mange gonger rensekorta vi har tilgang til kan nyttast, og meiner at følgjande kan vere eit nyttig utgangspunkt:

Desse rensekorta kan samanliknast med ein «våtserviett» eller «ferskvare». Det betyr at dei berre kan nyttast mens dei er ferske (blaute). I praksis betyr det i utgangspunktet ein gong. Det er likevel ikkje noko i vegen for å prøve å bruke dei på fleire TPpay-ar dersom dette vert gjort med så kort tid i mellom at dei ikkje rekk å turke inn. Dette føreset dessutan at det ikkje vert for mykje smuss på dei etter kvar rens. De kan i det minste prøve å bruke dei på chiplesaren i TPpay-en, og både magnetstripelesaren på TPpay-en og den gamle magnetstripelesaren på baksida av skjermen.

Vi har dessutan tilgang til turre rensekort som kan brukast fleire gonger, men det føreset at dei vert fukta med blåsprit før kvar rensing.

BESTILL HER

 

 

 

 

 

 

 

 

post

Kommentarar til Au2PC versjon 167

Kommentarar til Au2Pc – versjon 167

Frikortnummer
I tillegg til dei endringane i informasjon frå CenCom nedanfor, er det no laga kopling mot eigendelsinfo frå NISSY systemet. Det vil seia at det no er bestillingsinfoen fra NISSY som avgjer om det skal betalast EA (eigendel) eller ikkje. Denne infoen overstyrer andre data som vert registrert. Dette betyr at vi ikke lenger treng å registrere ordinære frikortnummer eller taste 123456. Der det er kr 0,- i EA i bestillinga med bakgrunn i frikort 11 (posisjonskøyring), frikort 12 (barn), frikort 15 (betalt til anna transportmiddel) osv. må dette framleis registrerast på grunn av rapporteringa til pasientreiser.

Avhentingsnummer
I denne versjonen er også avhentingsnummer teke vekk på passasjerar som ikkje er avhenta. Bakgrunn for endringa ligg i problem ved oppdatering av turar frå pasientreisekontoret (PRK). Det oppstod då i mange tilfeller at passasjerar fekk same avhentingsnummer/node i taksameteret med påfølgjande problem. I praksis kan avhentingsnummer endrast gjennom heile turoppdraget.

TTS AS

 


Melding frå CenCom:

Au2Pc versjon 167 er på veg ut i bilane.

Verksteder må huske å oppdatere installasjonsmedier

 

(Denne teksten vises de 5 første pålogginger etter oppdatering med ny programversjon)

1.  Nye funksjoner

  • Ingen.

 

2.Rettelser

  • Nissy.

Passasjerene er ikke avhentet

Først når passasjeren er avhentet får man nummer på passasjeren. ( AVH XX )

Passasjerene er avhentet

 

  • Sentral konfigursjon

Hvis den siste parameter (Kun standard melding), er satt kan man kun bruke oppkall og standard meldinger på menyen.

Det er foretatt diverse bug-fixes

CenCom

 

 

post

Evaluering av postkasse i Førde

Vi har i snart 2 år brukt postkassa på sjukehuset i Førde som eit alternativ til levering av oppgjer. Det er difor kanskje tid for ei evaluering av ordninga.

Bakgrunnen for postkassa
Nokre av grunnane til at vi søkte løyve frå Helse Førde om å få plassert ei postkasse der var:

  • TTS mottek oppgjera fortare, dette fører til at vi kan bli enda meir ajour med fakturering.
  • Mulegheitane større for å kunne fakturere to gonger i stadenfor ein gong pr. mnd (Noko pasientreiser krev mange stader).
  • Sparar løyvehavarane for utgifter med porto og emballasje.
  • Sparar løyvehavarar for tid med å sende pakke, betale frankering og levere dette bilaget til rekneskapsførar.
  • På sjukehuset er mange innom, så ein kan samordne levering med ein kollega.
  • Kortare oppgjerstid til løyvehavarane. Oppgjeret vert registrert motteke når konvolutten vert lagt i postkassa, i stadenfor etter nokre dagars postgang.
  • Med SognXpressen som transportør vert det ein sikrare postgang. Oppgjera vert henta i postkassen i Førde og levert på døra hjå TTS. Ein risikerar ikkje at konvoluttar vert feilsendt eller vekk i posten (Det har skjedd nokre gonger).
  • Slepp straffeporto ved at det vert frankert for lite (Dette har vi hatt mykje av).
  • Postkassa står plassert ved skranken til ventesona, og vert dermed låst inne når det stengjer der.

Vi har rekna ut at løyvehavarane som til no har brukt ordninga sparar ca. 58.000 i porto totalt i løpet av eit år. TTS har teke utgiftene for SognXpressen som ligg i snitt på 12.000 pr. år.

Varsling til TTS om levering
For at vi heile tid skal ha kontroll over kva oppgjer som vert levert, må vi ha ei ordning med at løyvehavar varslar oss når oppgjer vert levert. De har då to alternativ:

  • Ringe sentralbordet i arbeidstida: 95956666
    Dette er eit sentralbord som ikkje tek i mot tekstmeldingar. Meldingar sendt på dette nummeret kjem ikkje fram. Sentralbordet er bemanna frå 08.00 – 15.45 (15.00 sommar).
  • Send tekstmelding: 95956665
    Sender du ein melding vil vi alltid sende ein kvitteringsmelding når vi har lese meldinga. Dersom du ikkje får denne meldinga innan rimeleg tid (i opningstida) bør de ringe.

Denne informasjonen står også på postkassa med stor skrift.

Korleis fungerar tømming av postkassa
Vi registrerar oppgjer etterkvart som vi blir varsla, og har heile tid kontroll på kva oppgjer som er levert, og om det er behov for tømming. Vi kontaktar då SognXpressen ved behov. Postkassa vert tømt fast rundt den 5.- 6. og 20. – 21. kvar mnd. (Nokre gonger seinare dersom dette er helg). Dersom nokon leverar seint må vi betale for ekstra henting. Den fungerar altså ikkje som ei vanleg postkasse som kanskje enkelte trur.

Tilbakemeldingar
Tilbakemeldingane frå dei som brukar ordninga har stort sett vore veldig positive, men vi har også fått ein del klage på at vi ikkje har registrert oppgjera med rett dato. Dette har då medført at utbetaling har skjedd seinare enn løyvehavar har berekna. Som oftast har grunnen til dette vore at vi ikkje har motteke tekstmeldinga. Vi veit då ikkje kva dato det vart levert, og har registrert datoen vi har fått det levert. Feilen er at det då har blitt sendt tekstmelding til sentralbordet i stadenfor til 95956665 (les: varsling til TTS om levering av oppgjer).

Vi anbefalar å ringe 95956666 (i arbeidstida). Sender de melding skal de alltid få ei kvitteringsmelding frå oss, ellers har vi ikkje registrert oppgjeret.

 

 

post

ID-/sjåførkort

TTS har starta produksjon av eit kombinert ID- og sjåførkort.

Ifølgje kontrakt med Pasientreiser pliktar alle sjåførar å alltid ha eit godt synleg ID-merke på seg.

Ein del sentralar har etterspurt ID-kort, så desse kommunane vert prioritert fyrst. For å forenkle bestillingsprosessen vil vi ta kontakt med alle våre løyvehavarar når vi får ledig kapasitet. Dersom du ynskjer å bli prioritert, send oss ein melding her:

.

Bilde av sjåfør sender de på e-post eller evt. på MMS til 90667236 (merk med namn og sjåførnr).

Dersom det er nye sjåførar som treng sjåførkort vil vi prøve å ta dei innimellom den fastsette prioriteringslista.

161014-tts-jojo-sort

Her er kortholdaren som følgjer med kortet. Den har jojo m/karabinbøyle, metallklips og plastkrok.

Eigarkort vert produsert på same måte som sjåførkort.

 

Tilbod ved samla bestilling frå sentral
Dersom det vert gjort ei samla bestilling for ein sentral vil prisen for ferdig kort med namn, bilde, logo og kortholdar med jojo vere kr.150.

 

post

Meget viktig info Au2Pc ver 166

I samband med ny versjon 166 med endring av rutine for NISSY-transportar må ein setje taksameteret i STOPP før passasjer vert avrekna. Dette er særs viktig for å knyte alle detaljane til passasjertransaksjonane. Til dømes vil utrekning av eigendel på ein minstepristur bli feil dersom ein avreknar passasjer før ein set taksameteret i stopp.

Det same gjeld ved bruk av soneprisar/fastprisar på NISSY-turar. Dersom ein ikkje set taksameteret i stopp, vil kvitteringa vise kr. 0. Prisen vil då berre koma med på samlekvitteringa, og vert ikkje fakturert.

au2pc-ver-166