post

ID-/sjåførkort

TTS har starta produksjon av eit kombinert ID- og sjåførkort.

Ifølgje kontrakt med Pasientreiser pliktar alle sjåførar å alltid ha eit godt synleg ID-merke på seg.

Ein del sentralar har etterspurt ID-kort, så desse kommunane vert prioritert fyrst. For å forenkle bestillingsprosessen vil vi ta kontakt med alle våre løyvehavarar når vi får ledig kapasitet. Dersom du ynskjer å bli prioritert, send oss ein melding her:

[contact-form to=’janrune@tts.as’ subject=’ID-/Sjåførkort’][contact-field label=’Navn’ type=’name’ required=’1’/][contact-field label=’Epost’ type=’email’ required=’1’/][contact-field label=’Kommentar’ type=’textarea’ required=’1’/][/contact-form] .

Bilde av sjåfør sender de på e-post eller evt. på MMS til 90667236 (merk med namn og sjåførnr).

Dersom det er nye sjåførar som treng sjåførkort vil vi prøve å ta dei innimellom den fastsette prioriteringslista.

161014-tts-jojo-sort

Her er kortholdaren som følgjer med kortet. Den har jojo m/karabinbøyle, metallklips og plastkrok.

Eigarkort vert produsert på same måte som sjåførkort.

 

Tilbod ved samla bestilling frå sentral
Dersom det vert gjort ei samla bestilling for ein sentral vil prisen for ferdig kort med namn, bilde, logo og kortholdar med jojo vere kr.150.

 

post

Meget viktig info Au2Pc ver 166

I samband med ny versjon 166 med endring av rutine for NISSY-transportar må ein setje taksameteret i STOPP før passasjer vert avrekna. Dette er særs viktig for å knyte alle detaljane til passasjertransaksjonane. Til dømes vil utrekning av eigendel på ein minstepristur bli feil dersom ein avreknar passasjer før ein set taksameteret i stopp.

Det same gjeld ved bruk av soneprisar/fastprisar på NISSY-turar. Dersom ein ikkje set taksameteret i stopp, vil kvitteringa vise kr. 0. Prisen vil då berre koma med på samlekvitteringa, og vert ikkje fakturert.

au2pc-ver-166

 

post

Euro Taximesse Køln 2016

Vi har fått denne informasjonen frå CenCom som vi ynskjer å dele med løyvehavarar i Sogn og Fjordane:

I samband med Taximessa i Køln ynskjer CenCom å invitere alle taxieigarar frå Norge som besøkjer messa til Elvecruice på Rhinen laurdag kveld. Det vert servert middagsbuffe med drikke. Dersom du ynskjer å vere med, må du melde deg på innan fristen. Påmelding sendast til keving@cencom.no.

Påmeldingsfrist: 28. oktober 2016

Elvecruiset finn stad laurdag 5. november 2016 kl. 19.00 – 21.30.

Oppmøte ved «Konrad-Adenauer-Ufer», kun 5 minuttar frå sentralstasjonen. (Sjå: www.koelntourist.net/anlegestellen/koeln-dom-hbf )