post

Endringar i eigendelar, takstar og mva. frå 01.01.18

Endring i eigendelar
Det er vedteke auke i eigendelane både på pasienttransport, tt-transport og serviceskyss frå 01.01.18

Pasienttransport: 149,- (Tidlegare 146,-)

TT-transport: 30,- (Tidlegare var det 20% av taksameterpris, max 30,-)

Serviceskyss: 30,- (Tidlegare 25,-)

 

Endring av mva
Det er også endring av mva frå 10 til 12% på persontransport.

Mva vert endra frå nyttår, men etter det vi forstår aukar ikkje Konkurransetilsynet maksimalprisane før i slutten av januar. Dei andre takstane vert omrekna frå 10 til 12%, og vert lagt ut til download saman med takstendringane på pasienttransport. Vi håpar å få på plass dette til 01.01.18. Pass på at taksameter er innstilt på auto download.

post

Utvida TT-ordning

Den utvida TT-ordninga for 2. halvår 2017 er no i gang. TTS har produsert omlag 400 nye tt-kort til dei som har fått tildelt midlar frå dette prosjektet.

Vi ynskjer no å gi litt informasjon til transportørane slik at de kan rettleie kortbrukarar om desse korta.

Sogn og Fjordane er ein av 3 fylker som fekk innvilga søknad om midlar frå Samferdsledepartementet til denne ordninga. Midlane skal gå til rullestolbrukarar, svaksynte og blinde. Midlane skal ikkje gå til administrasjon, men TTS AS har teke på seg å administrere ordninga sidan dette også kjem næringa tilgode i form av meir transport.

Dei nye tt-korta skil seg frå dei ordinære ved at dei er gule, elles fungerar dei på same måte som dei blå. Saldo vil stå nederst på kvittering for dei som har CenCom-taksameter. Desse korta har ei utpreging ned i høgre hjørne for at blinde og svaksynte skal kjenne att korta.

kr. 10,8 mill skal fordelast på desse omlag 400 brukarane. Beløpet pr. brukar er fast for alle, men beløpet som dei fekk tildelt på ordinær tt frå kommunen for 2. halvår vert trekt i frå. Det beløpet har dei fortsatt på det blå kortet ut året. Alle unytta beløp på begge typar kort vert nulla ut ved nyttår.

For å ha rett til det gule kortet, må brukaren også vere registrert som ordninær tt-brukar hjå kommunen (Ha det blå kortet). Sidan påfylling på ordinær tt for 2. halvår allereie var gjort, må desse brukarane ha 2 kort ut året. Etter nyttår skal dei kun bruke det nye gule kortet, dersom ordninga vert vidareført.

Løyvehavarar med CenCom-taksameter i Sogn og Fjordane
For alle løyvehavarar med CenCom-taksameter vil turane automastisk bli godkjent gjennom vårt finanssystem, og utbetalt på vanleg måte. De treng heller ikkje her å sende inn eigne billag til oss på dette.

Løyvehavarar utan CenCom-taksameter i Sogn og Fjordane
Dei få løyvehavarane i fylket som ikkje har denne taksametertypen, vil ikkje kunne bruke korta i taksameteret enda. Desse må inntil vidare gjere følgjande:

I bilen:

  • køyre turen manuelt
  • legge inn brukarnummeret som står på kortet inn slik at det vert leseleg på taksameterslipp.
  • trekke frå eigendel på kr. 30

Etter at turen er køyrt:

  • ta bilde eller scan bilde av kvittering etter at tur er køyrt. Send denne til kontakt@tts.as. Vi brukar denne kvitteringen som utbetalingsgrunnlag, og for å registrere nedteljing på saldo til brukaren fortløpande. Utbetaling skjer ca den 10. i påfølgjande månad

Saldoførespørsel på desse brukarane kan gjerast på telefon 95 95 66 66 kvardagar mellom kl.08:00 – 15:00. Oppgi då namn og brukarnummer som står på kortet.

Utanfor fylket
Dersom brukaren nyttar drosje utanfor fylket, skal dei sjølv legge ut for turen og få refundert beløpet hjå TTS. Ein sender då kvittering med tydeleg påført bankkontonummer til:

  • E-post: kontakt@tts.as
  • Pr. post: TTS AS, PB. 1, 6861 Leikanger

TTS AS vil då trekkje frå eigendel kr.30, og trekke denne summen frå saldoen på kortet. Beløpet vert utbetalt til kortbrukar så snart som råd.

De kan lese meir om tt-ordninga på fylkeskommunen, eller vår nettside.

post

Pasienttransport – frikortkode 12

Når det vert køyrt Pasienttransport med barn skal det manuelt leggast inn frikortkode 12 i feltet for frikort.

Vi har fått tilbakemelding frå Pasientreiser om at mange ikkje legg inn frikortkode 12 når dei køyrer barn under 16 år.  Etter at vi innførte at sjåfør skulle sleppe å legge inn frikortnummer (123456), har bruken av frikort 12 også blitt mangelfull.

Vi minner om at frikort 12 leggast inn i frikortfeltet dersom barn blir køyrt for at rapportane som Pasientreiser sender til Helfo skal bli korrekte. Vi ber difor om at alle løyvehavarar formidlar dette til alle sine sjåførar slik at det vert rett frå og med august.

(Dei som enno ikkje har sendt inn oppgjer for juli må gjere retting på kvittering med evt. feil før de sender inn oppgjeret)

post

Taxi Gåvekort

Vi sender i desse dagar ut Taxi Gåvekort til sentralar og løyvehavarar tilknytta TTS.

Dei nye korta vart presentert på generalforsamlinga i TTS. For dei som ikkje deltok der, vert det lagt ved litt informasjon om korleis ein kan aktivere og fylle på korta.

Desse gåvekorta kan du til dømes gi som ei påskjønning til ein pålitleg og god drosjesjåfør, gode og trufaste taxikundar, taxikundar som har hatt uheldige opplevingar, gåve til lag- og foreiningar osv. Du kan også sjølvsagt tilby dine kundar kjøp av Taxi Gåvekort.

Aktivering/påfylling av Taxi Gåvekort

– ring 95 95 66 66

Vi treng opplysningar om;

  • Kortnummer (Står på kortet – 6 siffer)
  • Ynskja beløp (minimum kr. 200)
  • Fakturamottakar (Namn og adresse)
  • Evt. brukarnamn (I tilfelle misbruk, eller om kunden mista kortet sitt)

NB! Kun løyvehavarar i Sogn og Fjordane kan ringe inn og aktivere og fylle på gåvekort.

Ta kontakt dersom de treng fleire gåvekort tilsendt. Vi vil då sende uaktiverte kort til sentralen/løyvehavar.

Meir informasjon om Taxi Gåvekort finn du her

 

 

 

 

post

Generalforsamling i TTS

Torsdag 01. juni vert det halde generalforsamling i TTS.

Stad: Thon Hotell Jølster
Tid: 01.juni 2017 kl. 18:00

Lagersal

Vi skal tømme lageret. Taxijakker, selje taxiskjorter, allversjakker, pologensarar vert «gitt vekk» for kr. 50 pr. plagg. Først til mølla!

Vi har også med oss kartongar med taksameterpapir dersom nokon treng.

Alle aksjonærar er velkomne!

post

Postkasse også i Sogndal

I tillegg til ei postkasse på sentralsjukehuset i Førde, har vi no plassert ei postkasse hjå Sogndal Taxi. Alle som ynskjer kan levere oppgjera sine der.

Hugs å varsle TTS når du legg noko i postkassa slik at vi får registrert det, og planlagt tømming.

Ved Sogndal Taxi står det også øskjer med taksameterpapir dersom nokon har behov for det.

post

Vedlikehold TPpay

TTS tilbyr no rensekort til vedlikehald av TPpay og Au2Pc.

Vi vil spesielt gjere dykk merksame på det som står om vedlikehald av TPpay-en på s. 5 i brukarmanualen.

I samband med vedlikehald av terminalen har CenCom også skrive at:

«Jevnlig vedlikehold av utstyret er viktig for at både sjåfør og kunder skal få en god opplevelse. TPpay terminaler som har problemer med å lese kort, trenger ofte bare en rens.»

TTS AS kan no tilby rensekort til TPpay for kr. 25 pr. stk.

Vi har fått spørsmål om kor mange gonger rensekorta vi har tilgang til kan nyttast, og meiner at følgjande kan vere eit nyttig utgangspunkt:

Desse rensekorta kan samanliknast med ein «våtserviett» eller «ferskvare». Det betyr at dei berre kan nyttast mens dei er ferske (blaute). I praksis betyr det i utgangspunktet ein gong. Det er likevel ikkje noko i vegen for å prøve å bruke dei på fleire TPpay-ar dersom dette vert gjort med så kort tid i mellom at dei ikkje rekk å turke inn. Dette føreset dessutan at det ikkje vert for mykje smuss på dei etter kvar rens. De kan i det minste prøve å bruke dei på chiplesaren i TPpay-en, og både magnetstripelesaren på TPpay-en og den gamle magnetstripelesaren på baksida av skjermen.

Vi har dessutan tilgang til turre rensekort som kan brukast fleire gonger, men det føreset at dei vert fukta med blåsprit før kvar rensing.

BESTILL HER

 

 

 

 

 

 

 

 

post

Kommentarar til Au2PC versjon 167

Kommentarar til Au2Pc – versjon 167

Frikortnummer
I tillegg til dei endringane i informasjon frå CenCom nedanfor, er det no laga kopling mot eigendelsinfo frå NISSY systemet. Det vil seia at det no er bestillingsinfoen fra NISSY som avgjer om det skal betalast EA (eigendel) eller ikkje. Denne infoen overstyrer andre data som vert registrert. Dette betyr at vi ikke lenger treng å registrere ordinære frikortnummer eller taste 123456. Der det er kr 0,- i EA i bestillinga med bakgrunn i frikort 11 (posisjonskøyring), frikort 12 (barn), frikort 15 (betalt til anna transportmiddel) osv. må dette framleis registrerast på grunn av rapporteringa til pasientreiser.

Avhentingsnummer
I denne versjonen er også avhentingsnummer teke vekk på passasjerar som ikkje er avhenta. Bakgrunn for endringa ligg i problem ved oppdatering av turar frå pasientreisekontoret (PRK). Det oppstod då i mange tilfeller at passasjerar fekk same avhentingsnummer/node i taksameteret med påfølgjande problem. I praksis kan avhentingsnummer endrast gjennom heile turoppdraget.

TTS AS

 


Melding frå CenCom:

Au2Pc versjon 167 er på veg ut i bilane.

Verksteder må huske å oppdatere installasjonsmedier

 

(Denne teksten vises de 5 første pålogginger etter oppdatering med ny programversjon)

1.  Nye funksjoner

  • Ingen.

 

2.Rettelser

  • Nissy.

Passasjerene er ikke avhentet

Først når passasjeren er avhentet får man nummer på passasjeren. ( AVH XX )

Passasjerene er avhentet

 

  • Sentral konfigursjon

Hvis den siste parameter (Kun standard melding), er satt kan man kun bruke oppkall og standard meldinger på menyen.

Det er foretatt diverse bug-fixes

CenCom