post

Endringar i eigendelar, takstar og mva. frå 01.01.18

Endring i eigendelar
Det er vedteke auke i eigendelane både på pasienttransport, tt-transport og serviceskyss frå 01.01.18

Pasienttransport: 149,- (Tidlegare 146,-)

TT-transport: 30,- (Tidlegare var det 20% av taksameterpris, max 30,-)

Serviceskyss: 30,- (Tidlegare 25,-)

 

Endring av mva
Det er også endring av mva frå 10 til 12% på persontransport.

Mva vert endra frå nyttår, men etter det vi forstår aukar ikkje Konkurransetilsynet maksimalprisane før i slutten av januar. Dei andre takstane vert omrekna frå 10 til 12%, og vert lagt ut til download saman med takstendringane på pasienttransport. Vi håpar å få på plass dette til 01.01.18. Pass på at taksameter er innstilt på auto download.

post

Prisjustering på «Trygt heim» og «Serviceskyss»

Etter samtale med Sogn & Fjordane fylkeskommune, er det mulig å få kompensert differansen på mva. auken som vil gjelda frå 01.01.2016.
Dette gjeld dei som køyre «Trygt heim for ein 50-lapp» og «Serviceskyss».

For å finne rette prisen må de då trekke frå dei 8% som vi brukar i dag, og legge til 10%.

For eksempel.: ein tur på 1000 X 92% X 110% = 1012,- og då vil eg at de runda av til nærmaste 10. Eks.1012,- vert 1010,-

Dette gjeld alle turar med fastpris på «Trygt heim for ein 50-lapp» og «Serviceskyss», og kvar enkelt må endre dette dersom de vil ta inn igjen mva.auken, eller om ein vil køyre på same prisane fram til neste skuleår.

post

Serviceskyss 2015

Serviceskyss 2015 – tildelingar

Hovudutvalet for samferdsle gjorde i møte 25.03.2015 vedtak på følgjande godtgjersle for serviceskyssar i 2015:

 

Gaular kommune Kr. 250 000
Balestrand kommune Kr. 200 000
Leikanger kommune Kr. 180 000
Fjaler kommune Kr. 170 000
Askvoll kommune Kr. 170 000
Hyllestad kommune Kr. 160 000
Naustdal kommune Kr. 140 000
Gulen kommune Kr. 180 000
Luster kommune Kr. 200 000
Vågsøy kommune Kr.  90 000 (flexitaxi)
Flora kommune Kr. 200 000
Sogndal kommune Kr. 250 000
Solund kommune Kr. 120 000
Gloppen kommune Kr. 200 000
Aurland kommune Kr. 100 000
Jølster kommune Kr. 150 000
Eid kommune Kr. 150 000
Stryn kommune Kr. 120 000
Førde kommune Kr. 100 000
Til saman Kr. 3 130 000