Ein avtale mellom Norges Taxiforbund avd. Sogn og Fjordane og TTS gjer at vi frå juni 2017 kan tilby NT-medlemar trekk av medlemsavgift på kredittoppgjeret for å få fordelt utgiftene gjennom heile året.
Send oss ein e-post dersom du ynskjer dette.
PB. 1, 6861 Leikanger

Grunna byggeaktivitet ved Førde Sentralsjukehus er 6 av parkeringsplassane for Taxi gravd/gjerda vekk på parkeringsplassen mellom FSS og parken. På den delen av parkeringsplassen som er igjen er det 3 plassar for Taxi, men berre mogeleg å parkere 2 då det er tippa snø på den eine. Kortidsparkeringa har innsnevra utkøyring, og det er umogeleg å komme ut av den med store bilar (rullestol) utan å måtte rygge heilt tilbake. Dette har skapt store parkeringsproblem som har ført til parkeringsbøter til drosjar som har stått feilparkerte.
Leiar i Norges Taxiforbund avd. Sogn og Fjordane, Endre Råheim, har teke tak i saka. Det er no gjort avtale med ekspedisjonen ved FSS at drosjesjåførar kan nytte pasientparkering ved venting utover 15 minutt. Sjåfør må då be om parkeringslapp for å unngå bot.