post

Anbod pasienttransport

Det er no lagt ut anbod på pasienttransport i kommunane Balestrand, Luster, Jølster, Naustdal, Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Gloppen og Stryn.

Alle anbodsdokument har vi lagt inn på http://tts.as/loyvehavarar/anbod/. Her vil vi også legge ut eventuelle endringar og anna relevant informasjon.

Dersom du ynskjer at TTS skal helpe deg med levering av anbodet, ta kontakt med oss og få tildelt passord til anbodssida.

 

post

Parkering ved Førde Sentralsjukehus

Grunna byggeaktivitet ved Førde Sentralsjukehus er 6 av parkeringsplassane for Taxi gravd/gjerda vekk på parkeringsplassen mellom FSS og parken. På den delen av parkeringsplassen som er igjen er det 3 plassar for Taxi, men berre mogeleg å parkere 2 då det er tippa snø på den eine. Kortidsparkeringa har innsnevra utkøyring, og det er umogeleg å komme ut av den med store bilar (rullestol) utan å måtte rygge heilt tilbake. Dette har skapt store parkeringsproblem som har ført til parkeringsbøter til drosjar som har stått feilparkerte.

Leiar i Norges Taxiforbund avd. Sogn og Fjordane, Endre Råheim, har teke tak i saka. Det er no gjort avtale med ekspedisjonen ved FSS at drosjesjåførar kan nytte pasientparkering ved venting utover 15 minutt. Sjåfør må då be om parkeringslapp for å unngå bot.

post

Anbod pasienttransport

Anbod pasienttransport

Det er no lagt ut anbod på pasienttransport i kommunane Flora, Solund, Hyllestad, Lærdal, Årdal og Askvoll. Frist for levering er sett til 10.12.15.

Vi vil ta kontakt med våre løyvehavarar i aktuelle områder.

Anbodsgrunnlag og skjema for innlevering av anbodet vert også lagt ut under fana «Løyvehavar/Anbod«. Dette vert passordbeskytta, og våre løyvehavarar som ynskjer eit samarbeid med oss får tildelt passord. Ta då kontakt med Geir