post

Ledig drosjeløyve i Førde kommune

Det er lyst ledig drosjeløyve i Førde kommune, med stasjoneringsstad Førde Drosjesentral.

Løyve S-277 gjeld personbil med inntil 9 seter. Dato for oppstart er 01.10.2015.
Søknadsfrist 15. mai 2015

Ta gjerne kontakt med oss om råd eller hjelp til å søkje.

post

Ledig drosjeløyve i Stryn kommune, med stasjoneringsstad Innvik

Løyve S-470 gjeld for personbil med inntil 9 sete. Det kan søkjast om ekstraløyve.

Det vert stilt krav om samarbeid med drosjenæringa i kommunen. Dato for oppstart er 01.06.2015.
Kvalifikasjonskrav og vilkår for løyve vert stilt i medhald av yrkestransportlova med forskrifter. Det er taksameterplikt og uniformsplikt for alle løyvehavarar.

Søknad på fastsett skjema må sendast:
Sogn og Fjordane fylkeskommune,
Askedalen 2, 6863 Leikanger

Søknadsfrist 15. april 2015.

Les meir her.

Ta gjerne kontakt med oss om råd eller hjelp ved å søkje.

post

Signaturfelt på kvitteringane

Signaturfelt og telefonnummer på kvitteringane

Har du signaturfelt og telefonnummer på kvitteringane dine? Dette kan du enkelt ordne sjølv på taksameteret.

For å legge til telefonnummer og signaturfelt på kvitteringane, trykk; 0-7- gul pil ned.
For å endre frå «Nei» til «Ja», trykk pil til venstre eller høgre på tastaturet.