post

Bestill ID-/sjåførkort i Taxibiz

I Taxibiz kan du no enkelt bestille nytt ID-/sjåførkort eller eigarkort. Logg deg inn på TaxiBiz løyvehavar og gå inn på «Kort».

  • velg korttype sjåførkort/eigarkort
  • fins kortet frå før ja/nei
    • Dersom ja, finn sjåførnr.
    • Dersom nei, skriv inn namn på ny sjåfør og last opp bilde. I forhandsvisinga til høgre kan du sjå korleis kortet vil sjå ut.
  • trykk bestill, og bestillinga går til TTS når du er fornøgd. Kortet vert sendt til løyvehavar som har bestilt kortet så lenge vi ikkje har fått beskjed om noko anna.

Dersom du ynskjer endringar oppsett eller logo som vi har lagt inn på din sentral kan du kontakte TTS.

post

Taxifix i Sogn og Fjordane

Taxibestillingsappen Taxifix er no i bruk i Sogn og Fjordane. Alle løyvehavarar knytt opp til TTS kan no ta imot bestilling frå appen.

I Sogn og Fjordane er vi ikkje kopla mot full OTT, så løysinga hjå oss vil i første omgang skje ved telefonisk kontakt og ikkje ved at tur kjem direkte i taksameter.

Vi har hatt informasjonsmøter med alle dei største sentralane i fylket, og jobbar no saman med CenCom med å få nytte bestillingsappen fullt ut i vårt fylke.

For å laste ned app og registrere deg kan du gå inn på nettsida www.taxifix.no.

 

post

TaxiTablet

73 nye TaxiTablet er montert i Sogn og Fjordane til no, og fleire ligg til bestilling. Tilbakemeldingane frå dei som har begynt å bruke desse er positive.

Vi har no tilgjengeleg TaxiTablet demotaksameter.  Demokofferten vert ikkje sendt til utlån, men dersom nokon ynskjer å teste den ut er de velkomne til våre kontorlokale på Leikanger.

Dersom nokon skal skifte bil i næraste framtid, eller ynskjer å bestille TaxiTablet, ber vi dykk kontakte TTS.

Fordeling av nye Taxitablet pr. 14.03.19

Askvoll 2
Aurland 5
Balestrand 3
Bremanger 4
Eid 7
Fjaler 1
Flora 6
Førde 4
Gaular 3
Gloppen 4
Hornindal 0
Hyllestad 1
Jølster 4
Leikanger 2
Luster 3
Lærdal 2
Naustdal 0
Selje 1
Sogndal 5
Solund 1
Stryn 3
Vik 3
Vågsøy 4
Årdal 3
Demotaksameter TTS 2
Totalt 73

 

Her finn de brukarveiledning

 

post

Depot med taksameterpapir

Vi har lagt ut depot med takameterpapir både på Førde Taxisentral og Sogndal Taxisentral. Her kan de stikke innom å ta med papir de treng. De sparar då fraktutgifter.

Dette er ei prøveordning som er basert på tillit. Hugs difor å melde frå til TTS om kor mykje de har teke med.

 

Dersom de ikkje har molegheit til å hente på desse plassane, kan de bestille her

post

Endringar i eigendelar, takstar og mva. frå 01.01.18

Endring i eigendelar
Det er vedteke auke i eigendelane både på pasienttransport, tt-transport og serviceskyss frå 01.01.18

Pasienttransport: 149,- (Tidlegare 146,-)

TT-transport: 30,- (Tidlegare var det 20% av taksameterpris, max 30,-)

Serviceskyss: 30,- (Tidlegare 25,-)

 

Endring av mva
Det er også endring av mva frå 10 til 12% på persontransport.

Mva vert endra frå nyttår, men etter det vi forstår aukar ikkje Konkurransetilsynet maksimalprisane før i slutten av januar. Dei andre takstane vert omrekna frå 10 til 12%, og vert lagt ut til download saman med takstendringane på pasienttransport. Vi håpar å få på plass dette til 01.01.18. Pass på at taksameter er innstilt på auto download.

post

Utvida TT-ordning

Den utvida TT-ordninga for 2. halvår 2017 er no i gang. TTS har produsert omlag 400 nye tt-kort til dei som har fått tildelt midlar frå dette prosjektet.

Vi ynskjer no å gi litt informasjon til transportørane slik at de kan rettleie kortbrukarar om desse korta.

Sogn og Fjordane er ein av 3 fylker som fekk innvilga søknad om midlar frå Samferdsledepartementet til denne ordninga. Midlane skal gå til rullestolbrukarar, svaksynte og blinde. Midlane skal ikkje gå til administrasjon, men TTS AS har teke på seg å administrere ordninga sidan dette også kjem næringa tilgode i form av meir transport.

Dei nye tt-korta skil seg frå dei ordinære ved at dei er gule, elles fungerar dei på same måte som dei blå. Saldo vil stå nederst på kvittering for dei som har CenCom-taksameter. Desse korta har ei utpreging ned i høgre hjørne for at blinde og svaksynte skal kjenne att korta.

kr. 10,8 mill skal fordelast på desse omlag 400 brukarane. Beløpet pr. brukar er fast for alle, men beløpet som dei fekk tildelt på ordinær tt frå kommunen for 2. halvår vert trekt i frå. Det beløpet har dei fortsatt på det blå kortet ut året. Alle unytta beløp på begge typar kort vert nulla ut ved nyttår.

For å ha rett til det gule kortet, må brukaren også vere registrert som ordninær tt-brukar hjå kommunen (Ha det blå kortet). Sidan påfylling på ordinær tt for 2. halvår allereie var gjort, må desse brukarane ha 2 kort ut året. Etter nyttår skal dei kun bruke det nye gule kortet, dersom ordninga vert vidareført.

Løyvehavarar med CenCom-taksameter i Sogn og Fjordane
For alle løyvehavarar med CenCom-taksameter vil turane automastisk bli godkjent gjennom vårt finanssystem, og utbetalt på vanleg måte. De treng heller ikkje her å sende inn eigne billag til oss på dette.

Løyvehavarar utan CenCom-taksameter i Sogn og Fjordane
Dei få løyvehavarane i fylket som ikkje har denne taksametertypen, vil ikkje kunne bruke korta i taksameteret enda. Desse må inntil vidare gjere følgjande:

I bilen:

  • køyre turen manuelt
  • legge inn brukarnummeret som står på kortet inn slik at det vert leseleg på taksameterslipp.
  • trekke frå eigendel på kr. 30

Etter at turen er køyrt:

  • ta bilde eller scan bilde av kvittering etter at tur er køyrt. Send denne til kontakt@tts.as. Vi brukar denne kvitteringen som utbetalingsgrunnlag, og for å registrere nedteljing på saldo til brukaren fortløpande. Utbetaling skjer ca den 10. i påfølgjande månad

Saldoførespørsel på desse brukarane kan gjerast på telefon 95 95 66 66 kvardagar mellom kl.08:00 – 15:00. Oppgi då namn og brukarnummer som står på kortet.

Utanfor fylket
Dersom brukaren nyttar drosje utanfor fylket, skal dei sjølv legge ut for turen og få refundert beløpet hjå TTS. Ein sender då kvittering med tydeleg påført bankkontonummer til:

  • E-post: kontakt@tts.as
  • Pr. post: TTS AS, PB. 1, 6861 Leikanger

TTS AS vil då trekkje frå eigendel kr.30, og trekke denne summen frå saldoen på kortet. Beløpet vert utbetalt til kortbrukar så snart som råd.

De kan lese meir om tt-ordninga på fylkeskommunen, eller vår nettside.

post

Pasienttransport – frikortkode 12

Når det vert køyrt Pasienttransport med barn skal det manuelt leggast inn frikortkode 12 i feltet for frikort.

Vi har fått tilbakemelding frå Pasientreiser om at mange ikkje legg inn frikortkode 12 når dei køyrer barn under 16 år.  Etter at vi innførte at sjåfør skulle sleppe å legge inn frikortnummer (123456), har bruken av frikort 12 også blitt mangelfull.

Vi minner om at frikort 12 leggast inn i frikortfeltet dersom barn blir køyrt for at rapportane som Pasientreiser sender til Helfo skal bli korrekte. Vi ber difor om at alle løyvehavarar formidlar dette til alle sine sjåførar slik at det vert rett frå og med august.

(Dei som enno ikkje har sendt inn oppgjer for juli må gjere retting på kvittering med evt. feil før de sender inn oppgjeret)