post

Mva-kompensasjon

CenCom legg inn kompensasjon for auka meirverdiavgift på passasjertransport på parallelltakstar, rullestolbiltakstar og busstakstar. Pakketransport vert ikkje påverka av endringa. Den har alt 25% mva.

TTS har sendt justerte pasienttransporttakstar til CenCom for utsending til taksameter. Dei som fekk tilslag på tilbod på pasienttransportanboda som vart lagt ut i mai, får ein auke på 1,8% inkludert mva. kompensasjon. (Indeksen viste 0,2 ned før vi lat til mva. auken på 2%). Avtalar som er regulert etter indeksen «Passasjertransport» er justert opp med 2,9% inkludert mva. kompensasjon. Avtalar som er regulert etter indeksen «Passasjertransport på vei» har fått ein auke på 6,5% inkludert mva. kompensasjon.

Trykk meny 7-6-1 og sjekk at taksameteret er lagra med «Automatisk download: ON» (Jfr. grønt felt nest øverst i «sprettopp boksen»). Sjekk samstundes at taksameteret er lagra som GPRS – markør i blått felt i «sprettopp boksen» skal stå på GPRS.

Det skal vere tilstrekkeleg å logge på og av sjåfør for å få på plass dei nye takstane, men det kan vere naudsynt å slå av og på taksameter.

Det er ein fordel om de tek ut skiftlapp nyttårsafta 24:00.