Vår kontaktperson på Serviceskyss er Kai Henning Slinde


Serviceskyss

Serviceskyss er eit transporttilbod som er ope for alle, og skal vere tilrettelagd for alle. Ordninga var tidlegare kjent under namnet seniorskyss.

Kommunane organiserer sjølv serviceskyss, og kunngjer rutene i sitt område. Skyssen er organisert i faste ruter, ofte inn til kommunesenteret eller andre mindre sentra. Brukarane bestiller skyss dagen før innan eit fastsett tidspunkt. Brukarane vert henta heime og vert køyrt frå dør til dør.

Brukarane betalar ein eigenandel på 30 kroner kvar veg frå 01.01.2018.

Serviceskyssen skal vere tilrettelagt og open for alle, og køyretya som vert nytta er difor universelt utforma.

Kjelde: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Les meir om serviceskyss