post

Euro Taximesse Køln 2016

Vi har fått denne informasjonen frå CenCom som vi ynskjer å dele med løyvehavarar i Sogn og Fjordane:

I samband med Taximessa i Køln ynskjer CenCom å invitere alle taxieigarar frå Norge som besøkjer messa til Elvecruice på Rhinen laurdag kveld. Det vert servert middagsbuffe med drikke. Dersom du ynskjer å vere med, må du melde deg på innan fristen. Påmelding sendast til keving@cencom.no.

Påmeldingsfrist: 28. oktober 2016

Elvecruiset finn stad laurdag 5. november 2016 kl. 19.00 – 21.30.

Oppmøte ved «Konrad-Adenauer-Ufer», kun 5 minuttar frå sentralstasjonen. (Sjå: www.koelntourist.net/anlegestellen/koeln-dom-hbf )

 

 

post

Oppdatert programvare

Au2Pc versjon 164 er på veg ut i bilane.

Montørar må huske å oppdatere installasjonsmedier. (Sjå eiga side for montørar – ta kontakt med TTS dersom du manglar passord)

 

NYHETER i Au2PC Versjon 164
09.08.2016

1.Nye funksjoner

Ingen.

2.Rettelser

  • Fastpris turer
    Fastpris turer spesifiseres på kvitteringene
    ***** FAST PRIS *****
    Endret layout på disse kvitteringer

·       Det er foretatt diverse bug-fixes på Fastpris

post

Anbod pasienttransport

Det er no lagt ut anbod på pasienttransport i kommunane Balestrand, Luster, Jølster, Naustdal, Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Gloppen og Stryn.

Alle anbodsdokument har vi lagt inn på http://tts.as/loyvehavarar/anbod/. Her vil vi også legge ut eventuelle endringar og anna relevant informasjon.

Dersom du ynskjer at TTS skal helpe deg med levering av anbodet, ta kontakt med oss og få tildelt passord til anbodssida.

 

post

Autorisasjon – reserveløysing ved defekt chiplesar

Au2PC ver. 159 er nå sendt ut til alle drosjer.  GPRS biler (uten radio) må ha aktivert auto download på meny 7-6-1 for å motta oppdateringer. Oppdatert programvare for bruk ved montering / service kan lastes ned under «Montør» (passordbeskytta).

Ved defekt chipkortlesar (TPpay) kan det foretas betaling ved bruk av magnetkort i Au2Pc. Det vil automatisk kome fram ein autorisasjonsmeny som vist under. Det skal ringast det viste telefonnummer og det tildelte autorisasjonsnummer tastast inn i menyen og lagrast.

Autorisasjon reserveløysing

EMV kort som gir denne meny er:

Diners
VISA
EC/MC
AMEX

 

Dersom en chipkortbetaling feiler vil nedenstående advarsel vises.

Trykk på det røde feltet for å fortsette.

Reserveløysing

 

post

Parkering ved Førde Sentralsjukehus

Grunna byggeaktivitet ved Førde Sentralsjukehus er 6 av parkeringsplassane for Taxi gravd/gjerda vekk på parkeringsplassen mellom FSS og parken. På den delen av parkeringsplassen som er igjen er det 3 plassar for Taxi, men berre mogeleg å parkere 2 då det er tippa snø på den eine. Kortidsparkeringa har innsnevra utkøyring, og det er umogeleg å komme ut av den med store bilar (rullestol) utan å måtte rygge heilt tilbake. Dette har skapt store parkeringsproblem som har ført til parkeringsbøter til drosjar som har stått feilparkerte.

Leiar i Norges Taxiforbund avd. Sogn og Fjordane, Endre Råheim, har teke tak i saka. Det er no gjort avtale med ekspedisjonen ved FSS at drosjesjåførar kan nytte pasientparkering ved venting utover 15 minutt. Sjåfør må då be om parkeringslapp for å unngå bot.

post

Servicekurs hjå CenCom 15. mars 2016

CenCom arrangerar servicekurs for dei som ynskjer å bli montør. Frist for påmelding er måndag 7. mars.

Kurset vart arrangert hjå CenCom tysdag 15. mars (og onsdag 16. mars for dei som ynskjer ein ekstra dag).

Dato: 15. mars kl. 09:00.

Agenda:

• Gjennomgang av taksameterutstyret
• Programmering
• Enkel modulreparasjon

Priser:

• Deltakeravgift inkl. lunsj – kr. 3.100,- eks. mva.

• Programmeringsutstyrspakke – kr. 1.200,- eks. mva.
(disk-kloner, kabler, trådløs mus/tastatur og minnepenn med programvare og dokumentasjon).

Tillegg for ekstra dag: kr. 2.500,- eks. mva. pr. deltager. Inkl. lunsj.

Tilleggsdag:

16. mars er i vårt verksted sammen med vår monteringsleder og tar for seg det praktiske ved monteringen i bil.


Frist for påmelding innen 7. mars.

Ta kontakt med CenCom teknisk avdeling for påmelding

Mobiltelefon: +47 982 50 176
Sentralbord: +47 982 50 170

post

Innlevering av oppgjer

Løyvehavarar treng ikkje levere inn tt-kvitteringar (Dør-dør) og kredittkortkvitteringar saman med oppgjeret til TTS.

Frå og med 01.03.16 kan desse lagrast hjå løyvehavar, og framvisast dersom det vert etterspurt. Mange har gjort dette tidlegare også, men no ynskjer vi at alle lagrar desse kvitteringane sjølve.

Minner også om at kortlesaren på skjerm ikkje lenger skal brukast ved betaling med kredittkort på Au2Pc. Alle må no kun bruke TPpay der pinkode vert tasta. Vi ser fortsatt at mange fortsatt brukar kortlesaren på skjermen når dei dreg kredittkort. Desse risikerar å ikkje få betalt for turane (NB! Alle har fått dispensasjon til å betale eigendelar på skjerm inntil vidare).

Les også:

Bruk av magnetstripe går ut

Reserveløysing