post

Riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden blir nattestengd i veke 19 og 21, på grunn av anleggsarbeid i Støylsnestunnelen.

Vi ber om at alle sjåførar vert informert om dette!

Drosjar får passere dersom dei er i oppdrag for Pasientreiser og Helse Førde AMK. Ring AMK i god tid slik at dei får formidla til vakt ved Sogn Vegtjeneste at ein drosje er på veg og skal sleppe gjennom.

AMK Førde tlf. 578 30 500

Stengingane gjeld frå måndag 9. mai til fredag 13. mai og frå søndag 22. mai til onsdag 25. mai.
Det blir nattestengd frå kl. 23.00 til kl. 06.00, med opning for gjennomkøyringer.
Sjå Trafikkinformasjon Statens Vegvesen for tidspunkt for gjennomkøyringer.

I tillegg kan det bli stengt i inntil 1 time i tidsrommet kl. 20.00–23.00 og inntil 30 minutt på dagtid mellom kl. 06.00 og 20.00.

Utrykningskøyretøy, rutegåande trafikk og skulebussar får passere utan venting.