post

Nettet på Leikanger nede tysdag 21.08.18

Vi har fått beskjed om at Telenor tek ned nettet frå 10:00 til 11:30 i dag tysdag 21.08.18 grunna vedlikehald.

Vi risikerar då at transportørane mistar kontakten med serveren vår, og må køyre pasienttransportturar manuelt. Vi ber om at transportørar printar ut turane sine sidan dei mest truleg ikkje vil få dei opp i taksameter.

Dette vil også ha betydning for validering av kort i denne perioden.

Vi jobbar med å få utsetja denne nedetida til i kveld, men desseverre fekk vi beskjed litt seint. I utgangspunktet skulle nedetida mest truleg vare i berre 5 minuttar, men no viser det seg at nettet blir nede i 1,5 time.

Som sagt jobbar vi med å få utsetje dette arbeidet til i ettermiddag/kveld, men er fortsatt usikre på om vi får det til sidan arbeidet alt var i gong.

Pasientreiser er varsla. Melding er sendt ut til alle taksameter, og e-post er sendt til alle aksjonærar.