post

Mva-kompensasjon

CenCom legg inn kompensasjon for auka meirverdiavgift på passasjertransport på parallelltakstar, rullestolbiltakstar og busstakstar. Pakketransport vert ikkje påverka av endringa. Den har alt 25% mva.

TTS har sendt justerte pasienttransporttakstar til CenCom for utsending til taksameter. Dei som fekk tilslag på tilbod på pasienttransportanboda som vart lagt ut i mai, får ein auke på 1,8% inkludert mva. kompensasjon. (Indeksen viste 0,2 ned før vi lat til mva. auken på 2%). Avtalar som er regulert etter indeksen «Passasjertransport» er justert opp med 2,9% inkludert mva. kompensasjon. Avtalar som er regulert etter indeksen «Passasjertransport på vei» har fått ein auke på 6,5% inkludert mva. kompensasjon.

Trykk meny 7-6-1 og sjekk at taksameteret er lagra med «Automatisk download: ON» (Jfr. grønt felt nest øverst i «sprettopp boksen»). Sjekk samstundes at taksameteret er lagra som GPRS – markør i blått felt i «sprettopp boksen» skal stå på GPRS.

Det skal vere tilstrekkeleg å logge på og av sjåfør for å få på plass dei nye takstane, men det kan vere naudsynt å slå av og på taksameter.

Det er ein fordel om de tek ut skiftlapp nyttårsafta 24:00.

post

Prisjustering på «Trygt heim» og «Serviceskyss»

Etter samtale med Sogn & Fjordane fylkeskommune, er det mulig å få kompensert differansen på mva. auken som vil gjelda frå 01.01.2016.
Dette gjeld dei som køyre «Trygt heim for ein 50-lapp» og «Serviceskyss».

For å finne rette prisen må de då trekke frå dei 8% som vi brukar i dag, og legge til 10%.

For eksempel.: ein tur på 1000 X 92% X 110% = 1012,- og då vil eg at de runda av til nærmaste 10. Eks.1012,- vert 1010,-

Dette gjeld alle turar med fastpris på «Trygt heim for ein 50-lapp» og «Serviceskyss», og kvar enkelt må endre dette dersom de vil ta inn igjen mva.auken, eller om ein vil køyre på same prisane fram til neste skuleår.

post

Nav arbeidsreiser og TT-kort andre fylker

Alle drosjar som er tilknytta TTS kan no aksepetere tt-kort for dei fleste andre fylker med unntak av fylka Hordaland, Sør-Trøndelag og Vest-Agder.

Våre eigne tt-kort frå Sogn og Fjordane kan no nyttast og blir validert også i Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og Nordland.

Nav har også eit eige landsdekkande kort for Nav-arbeidseiser. Desse korta kan også nyttast som betalingsmiddel i våre taksameter.

post

Auke i den reduserte mva-avgifta frå 8 til 10 prosent

Stortinget vedtok den 14. desember 2015 å auke den reduserte meirverdiavgifta for budsjettåret 2016 frå 8 til 10 prosent.

Satsen på 10 prosent vil gjelde for omsetnad, uttak og formidling av
• Persontransporttjenester.
• Overnattingstjenester i hotell mv.
• Inngangsbilletter til museer, fornøyelsesparker og større idrettsarrangement.
Momsauken vil tre i kraft fra 1. januar 2016.

Les meir om saka på skatteetaten sine nettsider

Taxiforbundet skriv i informasjonsskriv at:
For drosjenæringen blir det dessverre slik at momsøkningen skjer før anmodningen om økning i maksimalprisene er vedtatt. Dette betyr at i en periode vil det være en økning i utgående merverdiavgift, uten at takstene i maksimalprisregulerte områder har blitt justert. Norges Taxiforbund har purret på Konkurransetilsynet, og vi venter på at anmodningen om endring i forskrift om takstberegning og maksimalpriser for løyvepliktig drosjetransport med motorvogn blir sendt ut på høring.

post

Utsetjing – stenging av kredittkorttransaksjonar

Vi har no fått tilbakemelding frå CenCom at datoen for stenging av Au2Pc for kredittkorttransaksjonar er utsatt til 13. januar 2016.

 

Dette skriv CenCom i e-post:

Datoen for stenging av Au2Pc for kredittkorttransaksjoner er blitt utsatt til 13. januar 2016.
Vi anbefaler alle å bruke TPpay til alle kredittkorttransaksjoner, men magnetstripeleseren i Au2Pc vil kunne brukes som en backupløsning til 13. januar 2016.

Oslo Taxi utreder nå hvilken reserveløsning som kan tilbys og vi kommer tilbake med mer informasjon så snart dette er på plass.

post

Varsel om prisendring frå CenCom

CenCom AS varslar no sine kundar om prisendring på deira tjenester frå 1. januar 2016.

Driftsavtalane
I brev datert 27. november skriv CenCom til sine kundar:

«CenComs priser på drift og support på OTT og OTT-Bopel har i alle år stått urørt. Dette er i stor grad tjenestebaserte ytelser.
Nye produkter de siste årene, så som Au2Tax, TPpay, Taxifix og Taxifix-Bedrift, omfattes også av supporten CenCom yter. Utvidete og nye krav fra myndighetene bla relatert til SUTI / NISSY, har krevd og krever i tillegg store ressurser til oppdatering av systemene. Supportavgiften skal også dekke dette. På bakgrunn av dette og de årlige reguleringene av faste kostnader, kjøp av tjenester fra andre, valutasvingninger og årlige justeringer av lønn, ser vi oss nødt til å øke prisen i driftsavtalene gjeldene fra 01.januar 2016.

Økningen blir:

Full OTT:    pluss kr. 60,- pr. bil pr. måned
OTT-bopel: pluss kr. 40,- pr. bil pr. måned»

Varer og tjenester
Det vert også varsla om generell endring av prisar på andre varer og tjenester ihht indeksregulering og endring i dansk kronekurs.

Serviceavtalar hardware
Andre tjenester i utstyr som inngår i serviceavtalen vil også bli justert og sendt ut på nytt til alle kundar med avtalar. Det vil sei at TTS AS får faktura på vegne av alle som har serviceavtalar i Sogn og Fjordane. Månadsbeløp som vert trekt på oppgjerslistene vert justert tilsvarande.